Når
2026
Kategori
Anna
Type
Undervising
Med
Institutt for elektroniske system, NTNU
Verktøy
Kretskortdesign, Lodding, Spørjeundersøking, Intervju, Rapport

Instituttet bad fire av oss studentar om å sjå på eit spørsmål for dei: bør studentane på elektronisk systemdesign og innovasjon lære å designe kretskort og å lodde som ein del av studiet? Ingen av delane er med i læringsmåla i dag. Rapporten skulle gje instituttet eit betre grunnlag for å avgjere endringar i studieløpet frå hausten 2027.

Kva vi fann

Vi gjennomførte ei spørjeundersøking blant studentane på programmet. 43 % ville ha meir kretskortdesign dei to første åra, halvparten meinte det var fint som det er, og 7 % ville ha mindre. For lodding ville 27 % ha meir og 20 % mindre.

Vi snakka òg med folk som ser spørsmålet frå ulike sider:

  • Studentar i tekniske studentorganisasjonar (Orbit og Vortex) som designar kretskort for laga sine. Den eine såg eit tydeleg hol i studiet. Den andre meinte at mykje kan lærast når ein treng det, men at kretskortdesign likevel høyrer heime i studiet fordi det bind saman kretsemna.
  • Omega Verksted, studentverkstaden. Han heldt tidlegare eit todagarskurs i KiCad for instituttet, med rundt 50 deltakarar kvar gong, til instituttet slutta å bestille det i 2023. Verkstaden har òg utstyret: loddestasjonar, SMD-reworkstasjonar, reflowomn, stensilprintar og pick-and-place-maskin.
  • Næringslivet: Nordic Semiconductor og Inission. Nordic la vekt på at kretskort er det industrien til slutt lagar, så det å kjenne heile prosessen, frå simulering til eit ferdig lodda kort, er ein del av å forstå elektronikk. Inission sette god designpraksis først, særleg å designe korta slik at dei er lette å teste.
  • Elprolab, elektronikk- og prototypelaboratoriet til instituttet. Dei opplever at mange studentar ikkje kan forklare kvifor designen deira verkar eller ikkje verkar, og at dei sjeldan designar med tanke på testing.

Vi samanlikna òg med IELS2031, eit bachelorfag ved NTNU som alt dekkjer kretsdesign, kretskortutlegg, lodding og testing.

Kva vi foreslo

Fem læringsmål som dekkjer vegen frå idé til ferdig produkt: gode designreglar, mellom anna støy og EMC; simulering og CAD-verktøy; å byggje, teste og verifisere eit produsert kort; og å dokumentere arbeidet.

Vi la fram fire måtar å få det inn på: eit kretskortprosjekt i ESDA I eller ESDA II, eit valfag som liknar IELS2031 frå tredje året, eit eige emne, eller kretskortarbeid i dei prosjektemna som finst i dag. Vi tilrådde dei to første. I ESDA ville prosjektet der ein byggjer ein operasjonsforsterkar på koplingsbrett vike plassen for eit nytt prosjekt der ein tek kretsen frå prosjektet før og byggjer han på eit kretskort. Seinare i studiet ville eit valfag la dei som vil lære meir, gå vidare.